Siri

sirioh

Denne bloggen er til for vennar, familie og slekt som vil fylgje med på mine krumspring i Mexico i perioda januar - juli 2007.
Departure from Mexico




Travel Blog Posts


Flottaste helga i Veracruz

Published: April 23rd 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
April 23rd 2007

I helga var "supergjengen" (Sarah og Raymundo, Hank, Sean og meg) i Veracruz - berre for å sleppe litt unna Xalapa som kan vere litt keisam til tider. Me gjorde ikkje så mykje anna enn å ete mykje god sjømat og dra til akvariumet i Veracruz, der me såg haiar og fuglar og masse masse fisk. Ganske artig å sjå så mange forskjellige eksotiske fiskar. I løpet av helga fann eg og Sean ut at me kan like gjerne vere eit par. Fint å ha kjærast att, sjølv om det berre er nokre veker til med kjæresterier. Sean reiser nemleg heim til Texas 8. mai. Litt trist, men me var begge budde på at det ville vere slik - me har hatt nokre flotte månedar saman allereie, han har vore bestevennen min heile tida her, ... read more



CASA NARANJA

Published: April 19th 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
April 19th 2007

Som de fleste av dykk sannsynlegvis har fått med dykk, har eg altså flytta ut frå mi mexicanske familie og inn i "Casa Naranja" (det oransje huset) saman med ei hyggeleg kanadisk jente på 21 år som heiter Kristina. Her er nokre bileter av mitt nye hus, som eg er svært glad i. Det var fint å bu med mama Clara, men ingenting i verda slår å kunne bu for seg sjølv og gjere som ein sjølv vil. Min nye fridom blir flittig brukt til små middagsselskap og liknande. ... read more



Andre veka av påskeferien

Published: April 19th 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
April 19th 2007

Etter nokre dagar i Xalapa att, der me tok nokre tattoveringar og piercingar, reiste Sarah, eg, Laura og Shamira til Catemaco. Eg kjem sannsynlegvis til å ta med mamma og pappa hit, for det er ein nydeleg liten by ved sidan av ein stor innsjø som er brun (ikkje av forurensing men av algar). Catemaco har óg eit rykte på seg for å vere full av hekser, "shape-shifters" og...UFO'ar. Bra utgangspunkt. Det var varmt då me var der, nesten som Acapulco, og maten er stort sett sjømat. Den fyrste dagen reiste me til Las cascadas cristal, nokre fossefall som er ein times tid utanfor sentrum. Det var ein organisert tur, men det var berre me jentene og ein chilango (=ein som er frå Mexico City) som reiste. Fantastisk natur, berre denne dagsturen var verdt alle ... read more



Fyrste veka av påskeferien

Published: April 19th 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
April 19th 2007

Sean, eg, Sarah, Hank og Raymundo (kjærasten til Sarah) reiste til Acapulco for to veke sidan, og på vegen dit stansa me i Taxco, ein nydeleg, kronglete by i ei fjellside, som er kjent for sølv. Alle butikkane i byen sel sølv, nydelege smykker til ein vanvittig (billig) pris. Me tok ikkje oss tid til å shoppe, men trur eg må reise tilbake ein gong. Sjølve reisa til Acapulco gjekk smertefritt, hadde ingen problemer med å lese kart, skilt eller noko anna. Då me kom til Acapulco var det eit lite sjokk - lufta er veldig fuktig og det var rundt 35 grader i skuggen heile opphaldet. Det føles nesten som å puste vatn gjennom huda, og me satt i skuggen om lag heile tida. Sole seg var ikkje freistande i det heile tatt! Me ... read more



Nytt og nytt: 9.april

Published: April 9th 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
April 9th 2007

Akkurat komen heim etter ein flott roadtrip saman med Hank, Sean, Sarah og Raymundo til Taxco, Acapulco og Cuernavaca. Bileta er klare til å leggast ut, men i dag reiser eg til Catemaco, ein idyllisk turistby 5 timar søraust for Xalapa - me har nemleg ei veke til med påskeferie (mouhahaha), og denne veka samt min eigen bursdag (grøss) skal feirast saman med Sarah, Laura og Shamira. Frå gutetur til jentetur, så og seie. I forgårs fiksa eg tattoveringa mi, den var gamal og slitt (meir kvit-grå enn svart), ein 7 år gamal stakar, så for 250 NOK fekk ej den om-måla og lagt til ein ring rundt den. Har også fått meg ei "hårflette" som alle hippiane her i byen har. Alt er berre bra, skal oppdatere meir når eg har kome attende til ... read more



El Tajin: 15.-17. mars

Published: March 28th 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
March 28th 2007

Helga 15. til 17. mars reiste me til El Tajin, nokre gamle indianarruinar som er av dei finaste og best bevarte i Mexico. Foreldra til Sarah, Paul og Elizabeth, leigde bil, og tok med Sarah, Eli, Laura, Shamira, Sean og meg. Det var ganske fantastisk, desse to Texanarane, som ikkje kjente oss ein gong, tok oss med og betalte for heile kalaset. Turen tok rundt 5-6 timar med køyring heile vegen, og turen frå Xalapa til Poza Rica (der me budde på hotell, ca. 30 minutt frå El Tajin) var noko av det mest spesielle eg nokon gong har vore med på. Eg, Laura og Sean satt nemleg bak på planet (det var ein 5-seters "truck"), altså satt me tre under open himmel bak på "planet" (orsak, ikkje har eg greie på bilar og ikkje ... read more



sirioh icon
sirioh
March 23rd 2007

Eg vil ikkje seie at livet er enklare her i Mexico på nokon måte, men studia mine her er definitivt meir "laidback" enn heime ved UiO. Forståeleg, sidan eg konsentrerar meg om språket her (og litt kulturstudier, men på eit latterleg lavt nivå), og ikkje eigentleg er fulltids-student. Nyleg hadde eg eksamen i spansk, nivå 4 (av 6) og eg fekk skikkeleg gode karakterar. Yes! So no tek eg spansk språk, nivå 5 som eg vonar å gjere like bra. Kulturstudia mine konsentrerar seg om indianarstammene, ikkje om korleis livet er i Mexico no, noko som er både bra og dårleg. Likar å lære om dei prehispaniske kulturane, men samstundes er det kulturen no som gjeld. Kurset på Universitetet om den mexicanske revolusjonen har eg droppa ut av. Det var rett og slett litt for vanskeleg ... read more



Utelatt: Grashoppene

Published: March 23rd 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
March 23rd 2007

I Puebla åt me grashoppe. Nam nam. Det blir ete som snacks her, men må innrømme at etter å ha prøvd det, så held eg meg framleis til meir tradisjonell, vestleg snacks som potetgull og nøtter og sånn. ... read more



sirioh icon
sirioh
March 18th 2007

Den fyrste helga i mars reiste eg, Sarah, Shamira, Laura og Michelle til Puebla på jentetur. Me overnatta på eit billig og livlig hostel, der me traff mange kjekke folk og nokre ikkje-så-kjekke folk. Høgdepunktet på turen var ein dagstur til Cholula, som er kjent for arkeologiske utgravingar av gamle ruinar av Teotihuacan-indianarane (det er mogleg namnet er stava feil, men ber over med meg), særleg ei relativt stor pyramide. Sjølve byen Puebla er svært kjend i Mexico, særleg for sin "Mole Poblano" som er ein slags sjokolade-chili saus (som eg diverre, og merkeleg nok, IKKJE likar) samt byen sine kyrkjer. Trur det er fleire hundre kyrkjer der - nokon fortalde meg at der er 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året - men eg er ikkje hundre prosent sikker på om dette stemmer. MASSEVIS ... read more



Chachalaca: 24. februar

Published: March 18th 2007North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
sirioh icon
sirioh
March 18th 2007

Hank (med verdas beste bil), Raymundo, JC, Sarah, Sean, Eli og eg reiste til stranda ein nydeleg dag i slutten av februar. Visste ikkje at det var strender såpass nært Xalapa, men turen tok berre en times tid. Her vil eg altså kome attende nokre gongar for å jobbe på den obligatoriske mexico-brunfargen til eg kjem heim.. Det var ein utruleg deilig dag!... read more






Tot: 0.09s; Tpl: 0.003s; cc: 5; qc: 85; dbt: 0.0637s; 1; s:notus w:www (50.28.60.10); sld: 1; ; mem: 1.7mb