Halong Bay


Advertisement
Vietnam's flag
Asia » Vietnam » Northeast » Quang Ninh » Halong Bay
June 15th 2010
Published: June 15th 2010
Edit Blog Post

Ja, eg er litt treig, men det er vel eit godt teikn? 😊 Eg har jo selvfoelgelig gloymt kabelen til kameraet mitt, so har ikkje faatt lagt innpaa noken bilder. Men det kjem. Her kjem historia rundt bilda 😊

Etter aa ha vore i Hanoi i 2 daga var det paa tide aa ta ei lita utflukt. Sia eg har litt daarlig tid foelte eg at eg maatte velge mellom Sapa og Halong Bay. So daa blei det Halong Bay.

Vi stod opp grytidlig om morningen, etter nasjonalfest kvelden foer. Alle som kjenne meg veit jo at eg er ein nasjonalist, so den morningen var HARD. Eg hadde ikkje eingang faatt vaska av kroppsmalinga av det norske flagget foer eg satt paa bussen. Der gikk turen i soving foer vi kom fram til baaten som skulle frakte oss til Halong Bay.
Baaten var superfin, med masse "soverom", kjoekken, bar, soldekk, skikkelige toalett og alt ein kan oenske seg.

Paa baaten laag vi mest opp paa dekk, prata, hoyrte paa musikk og sola oss. Eg, Maikee som er mi nye Hollandske venninde, og ein haug andre folk bestemte oss for aa ikkje vere med paa kajakktur den dagen, mykje paa grunn av saar under foten, kneeskadar og anna 😉 MEN, vi hoppa alle ihop fraa baaten paa ca 10 m hoegde, og rett ned i sjoen der det var over kroppstemperatur. (Foeltes det ut som).

Alt du saag rundt deg paa dinna turen var heilt fantastisk. Store fjell som stikk opp av vatnet, Vietnamesera som bur paa vatnet med baade hunden og katten sin, og smaa joller som dei ror rundt med for aa selge baade Oreokjeks og anna.

Dag 1 skjedde alt paa baaten, vi aat, bada, og sov. Og hadde ein aldri so liten fest paa dekk.

Dag 2 reiste vi til ei oede oey som var kun for vaar baat. Der var det smaa straahytter vi skulle sove i. Eller forresten, det var vel helst berre eit underlag med straatak over. Heldigvis var der myggnetting 😉 Paa denne stranda sola vi oss, bada, slappa av i hengekoyene som svaia mellom palmane, og proevde litt vatnsport.
Eg proevde meg paa wakeboard. Og eg kan fortelje at det gikk veldig bra. Opp paa fyste forsoek, og cruisa rundt paa vatnet i kanskje 5 minutt foer eg tryna...massivt. Aldri foer har eg svelgt so mykje salt vatn. Men fy soeren so kjekt det var!

Dag 3 hoppa vi ombord paa baaten vaar igjen, og kunne nyte Halong bay paa veien tilbake til land. Naar vi skulle ta den mindre baaten som skal ta oss heilt inn til kaia, so hadde den selvfoelgelig motorstopp, og vi satt der aa svetta som noken grisa i 40 grader. Men eg har hoyrt at det er typisk Vietnam, at ett eller anna alltid gaar gale. Men verre vart det daa ein av MANGE engelskmenn skapte seg fullstendig galen paa baaten og begynte aa kalle sjoelvaste kapteinen for "a fucking cunt". Det vart rett og slett eit drama utav det. Engelskmannen skalv, hadde fullstendig svarte auger, mens kapteinen stod og broelte tilbake til han paa Vietnamesisk. Eg og ei Dansk ei eg er blitt kjent med pressa oss naermare og naermare kvarandre. Vi vart rett og slett ganske skremt. Men alt gikk bra. Engelskmannen roa seg ned, og vi kom alle i land til slutt.. (paa ein anna baat).

Etter ein 4 timers busstur var det sovidt nokon av dei vi reiste ilag med rakk bussane sine vidare til Laos. Vi skulle heldigvis til Hue, og hadde ein time ekstra paa oss.

Saa no gaar turen vidare til Hue.. (eg er alt vidare, men det faar eg skrive om seinare. Det er litt press om pcane her). Vi er 4 jenter som reiser ilag. Fortsatt meg og ho fraa holland, og vi har faatt med oss to kjekke jenter fraa canada. 😊

Over og ut, smask og klem fraa Ingrid!

Advertisement



Tot: 0.064s; Tpl: 0.009s; cc: 8; qc: 51; dbt: 0.04s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb