Zanzibar


Advertisement
Tanzania's flag
Africa » Tanzania » Zanzibar » Kendwa
July 14th 2008
Published: July 14th 2008
Edit Blog Post

Etter at opphaldet i Mbulu vart avslutta litt tidlegare enn planlagt fekk eg tid til aa stikke til Zanzibar. Eg moette opp paa kaien ein halvtime foer avreise og fann ut at reservasjonen min ikkje var gyldig. Eg vart dregen med rundt overalt for aa finn billett, og midt i alt stresset vart eg massiv svindla. Eg hadde mi fumme hyre med aa foelgje med paa passet mitt og foer eg visste ordet av det hadde eg gitt fraa meg omlag det dobbelte av prisen paa billetten ogh stod med eiunvegsbillett til turistoeya.

Eg nytta den foerste timen til aa fordoyge aggresjonen eg hadde i meg etter svindelen. Deretter noeyt eg Rambo, first blood, foer eg ankom Stonetown omlag to timar seinare. Midt blandt alle taxi sjaafoerane stod Lars Kjell Tjelle og skreik "rafiki: taxi, taxi, special price for you my friendi"! Eg for med han og saman med ein finfin gjeng i fraa oslo kjoerde vi norover til Kendwa. Der skjedde det fint lite og greit var det. Etter aa ha brukt litt tid paa aa mentalt omstille budsjettet mitt, samt svelge det faktum at det var eit turisthaale, kom eg i hakk og trivdes. Det var bading, soling, bading, snorkling; beachvolley; jogging; spising og soving. Vart berre litt brendt; og til tider svaert rastlaus. Men kjekt var det! Etter kvart kom Moeyfrid og Astrid slik at vi vart ein god gjeng! Jadda!

Baatturen heim tenkte eg aa skrive mykje om, men det orkar eg ikkje. Det var kraftig sjoe, alle som var ute vart kliss blaute. Mange inn skreik i det baaten deisa gjennom boelgjene. Somme av fryd, andre av redsel. Eg sat no der med proppar i oeyrene og hoerselverna utan paa det igjen og saag um ut i det eg venta paa at vi skulle kome fram. Ein heil indisk familie sat paa gulvet og kasta opp; ei amerikansk kvinne gjekk i doerken av det eg antek var varmen. Men det gjekk fint og vi kom fram til dqg kun 30 min forsinka.

Oppsummert sett var opphaldet vellukka og eg kosa meg! Likevel trur eg nok har gjort fraa meg som sydenturist for ei stund.

Advertisement



Tot: 0.093s; Tpl: 0.017s; cc: 9; qc: 40; dbt: 0.0465s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb